Brenneriet gjer norsk mat- og drikkekultur rikare
Kilde: [innovasjonnorge]
Måndag opna landbruksminister Lars Peder Brekk brenneriet ved Ciderhuset i Balestrand. Ministeren var særs nøgd med Ciderhuset si satsing på lokal produksjon av fruktbrennevin. - Brenneriet gjer norsk mat- og drikkekultur rikare, seier statsråden.
Eli-Grete Høyvik og Åge Eitungjerde står bak satsinga ved Ciderhuset. - Fruktbrennevinet vårt er eit opplevingsprodukt som supplerer den økologiske hagen og restauranten vår. Folk vil gjerne kjøpe med seg ein suvenir, men slik det er i dag, kan vi berre levere til Vinmonopolet og til dømes hotella, seier Åge Eitungjerde. Tor Holsen frå Innovasjon Norge roser Høyvik og Eitungjerde for innsatsen deira. - Dei har hatt ei formidabel gjennomføringsevne. Dei er banebrytande innan denne bransjen, og det er eit kjennteikn ved verksemda deira at ting blir gjort skikkeleg, seier Holsen. (Firda) Innovasjon Norge|Pb. 448 Sentru m|Akersgata 13|0104 Oslo| 47 22 00 25 00
Les mer hos: [innovasjonnorge]
|