
| | Fylkesnytt: Feltkurs i Halsa |
Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 1/2010
Kilde: [regjeringen]
: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen iMøre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva inneheld mellom annaein artikkel om feltkurs for å betre kartgrunnlaget i landbruket.
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret. Gardskart - betre kartgrunnlag i landbruket Landbruksavdelinga hos fylkesmannen i Møre og Romsdal skal i slutten av mai igjen arrangere feltkurs med markslagsvurderingar, der Norsk institutt for skog og landskap vil stå for den faglege delen av programmet. Det har i fleire år vore arrangert slike feltkurs, som har vore svært godt motteke av kommunane i fylket. Kursa har vore prega av godt oppmøte og ivrige deltakarar. 2010 kan vere siste året det blir arrangert feltkurs i den form det har i dag, og årsaka er at alle kommunane har kome i gong med gardskartprosessen våren 2010 eller tidlegare. Gardskartprosessen er kanskje den største satsinga på kart i landbruket sidan økonomisk kartverk på 60-talet. I prosessen inngår etablering av ortofoto/flyfoto, digitalisering, kvalitetssikring, korrigering, publisering av karta og produksjon av jordregister. Gardskartprosessen skal gje sikrare tal for berekning og utbetaling av arealbaserte tilskot i landbruket. Kommunane får dessutan langt betre kunnskap om arealtilstanden i kommunen, noko som gjev betre grunnlag for planlegging, og grunneigaren får eit lett tilgjengeleg, intuitivt og godt verktøy for eiga jordbruksdrift. Prosessen involverer både Norsk institutt for skog og landskap, Statens kartverk, fylkesmannen, kommunane og grunneigarane, og stiller krav til ein god prosess, kompetanse og disiplin. Arbeidet med å heve kvaliteten på grunnlaget for Gardskart, er med å danne et betre og riktigare grunnlag for arealbasert tilskot i jordbruket. I tillegg får mellom anna kommunane betre kunnskap om tilstanden på landbruksareala, både når det gjeld arealstorleik og markslag (innmarksbeite, overflatedyrka og innmarksbeite). Gardskart er g eit verktøy som landbruksforetaka kan nytte seg av, og som gir ei god oversikt over disponerte areal. For å ende ut med eit kvalitetssikra Gardskart, er det mange aktørar som gjer eit skippertak. Norsk institutt for skog og landskap startar opp prosessen med å hente inn informasjon om eigendomsgrenser frå økonomisk kartverk, data frå landbruksregisteret og digitalt markslagskart. I tillegg har landbruksareal vorte flyfotografert, og dette gir eit godt kartgrunnlag for arbeidet. Kommunane kvalitetssikrar eigendomsgrensene, markslag og at opplysninger i landbruksregisteret er riktige. I denne prosessen inngår også utsending av gardskart til grunneigarane i kommunen. Med andre ord får eigarar av landbrukseigedommar tilsendt kart over sine areal, der arealstørrelse og markslag inngår i informasjonen. Det hender at opplysninger knytt til areala er endra i høve til tidlegare, og grunneigar får på denne måte høve til å gi kommunen beskjed om eventuelle feil i kartet. Grunneigaren bør nytte dette høvet, for arbeidet endar ut i at det er Gardskart som vil danne arealgrunnlaget i tilskotssamanheng. Fleire kommunar i Møre og Romsdal er allereie ferdige med sjølve gardskartprosessen, og prosessen har vist at det er fleire tilbakemeldingar frå grunneigarar om feil i eigedomsgrenser enn feil i arealklassifiseringa/ markslaga. Prosessen har i tillegg ført til større fokus på kart i kommunane og behovet for gode, faste rutinar for oppdatering og vedlikehald av kart. Det er bra, for det vil til ei kvar tid vere avgjerande at kommunen også i framtida ajourfører grunnlagsbasane som inngår i Gardskart. Norsk institutt for skog og landskap og Statens kartverk har hatt ei sentral rolle, og bidratt med grundig og god planlegging av digitaliseringa og behandlinga av spørsmål knytt til prosessen. Fylkesmannen si viktigaste rolle i gardskartprosessen har vore, og er, å koordinere prosessen i Møre og Romsdal. I tillegg held fylkesmannen årlege kurs og rådgjeving mot kommunane, og bidrar til at dei leverer sine data med rett kvalitet og til rett tid. Bygdemobilisering fremjer samarbeid og gir stor aktivitet Fylkesmannen si landbruksavdeling har i perioden 2006-2009 hatt hovudansvaret for ei utvida satsing på bygdemobilisering i Møre og Romsdal. Erfaringane viser mellom anna at mobiliseringsarbeid stimulerer ”nedanfrå og opp”-tankegangen er kostnadseffektivt på grunn av den store dugnadsinnsatsen gjer bygdefolk ansvarlege for eiga framtid fremjer samarbeid og samhandling Bygdemobiliseringa har vore ein del av den nasjonale småsamfunnssatsinga i regi av Kommunal- og region aldepartementet (KRD) og entrep renørskapsprogrammet hoppid.no. Målet har vore å utvikle livskraftige lokalsamfunn der folk trivst og ungdom finn ei attraktiv framtid. I tillegg har gründer- og entrep renørskapstanken stått sentralt.
Les mer hos: [regjeringen]
|