...blir ein viktig del 
av markeringa av 
romfolkets dag i Kulturhistorisk 
museum torsdag 8. april....
ROMFOLKETS DAG: Fotograf Anne-Stine Johnsbråten er glad for at hennar fotoutstilling ”Romfolket i Norge” blir ein viktig del av markeringa av romfolkets dag i Kulturhistorisk museum torsdag 8. april.

Vil gi eit anna bilete av romfolket

Kilde: [uniforum.uio]

I morgon, torsdag 8. april blir den internasjonale dagen til romfolket for første gong markert i Noreg.

Då opnar Kulturhistorisk museum ved UiO Anne-Stine Johnsbråtens fotoutstilling ”Romfolket i Norge.” - Bileta viser romfolket slik dei ser seg sjølve i daglegliv og fest, seier Johnsbråten til Uniforum.

ROMFOLKETS DAG: Fotograf Anne-Stine Johnsbråten er glad for at hennar fotoutstilling ”Romfolket i Norge” blir ein viktig del av markeringa av romfolkets dag i Kulturhistorisk museum torsdag 8. april.

Det var i 1971 det amerikanske romfolket vedtok at 8. april skulle vera romfolkets internasjonale dag. I morgon, torsdag 8. april blir dagen altså for første gong markert i Noreg. Det skjer i

Kulturhistorisk museum klokka 16.00, og det er organisasjonane Romani Kultura og Den norske rom-foreningen som står bak.

Då blir også fotoutstillinga ”Romfolket i Norge” offisielt opna. Fotografen Anne-Stine Johnsbråten er svært glad for at ho får vist fram bileta sine av romfolkets liv i Noreg i Kulturhistorisk museum.

- Det begynte eigentleg som ein del av avhandlinga mi i fotojournalistikk ved Høgskolen i Oslo. Lenge jobba eg også på ein bensinstasjon på Nedre Bækkelaget der personar som tilhøyrde romfolket, stakk innom stadig vekk. Det auka interessa mi for dette folket, og eg hadde heile tida i bakhovudet at eg skulle gjera noko fagleg på dei.

- Det opna seg, då eg var ein av 38 fotografar som våren 2007 fekk stipend frå Fritt Ord til å dokumentera ulike sider av det norske samfunnet. Dermed kunne eg fylgja familien til leiaren for Romani Kultura, Jan Jansen rundt om kring i Noreg, mellom anna på ei reise til Porsgrunn, på pinsemøte og på sjukebesøk på Rikshospitalet, fortel Johnsbråten til Uniforum.

For henne var det ikkje vanskeleg å koma inn på romfolket og få lov til å fotografera dei. - Eg kunne visa bilete av min eigen familie på campingtur og bilete frå reportasjeturar til Bangladesh. Dermed hadde me noko til felles, poengterer ho.

Nokre av bileta hennar blei først viste på Henie-Onstad Kunstsenter saman med bileta til dei andre fotografane som hadde fått stipend frå Fritt Ord for å dokumentera Noreg.

- Eg synest det er fint at eg får høve til å visa desse bileta i Kulturhistorisk museum og at dei blir ein del av markeringa av den internasjonale dagen til romfolket. Det set eg stor pris på, understrekar ho.

Stensbråten uttrykkjer også det ho vil kalla for rettferdig harme når ho omtalar måten romfolket har blitt omtalt på i norske media.

- Det har stort sett vore svartmaling av ei heil folkegruppe. Det skreiv eg også ei oppgåve om medan eg var student i fotojournalistikk. Norske media har god grunn til å gå i seg sjølv når det gjeld dekninga av romfolket sitt liv og deira gjeremål. Stort sett har det berre vore negative oppslag, sjølv om det også finst mykje positivt å skriva om kulturen deira, slår ho fast.

Sjølv blei ho svært godt mottatt då ho drog rundt med familien til Jan Jansen for å dokumentera livet deira i kvardag og fest.

- Det var ikkje måte på kor mykje mat dei ville gi meg og kor opptekne dei var av at eg fekk tatt gode bilete. Difor håpar eg at folk kjem til denne utstillinga for å sjå romfolket frå ei anna side enn den sida media til vanleg presenterer av dei, seier Johnsbråten.

Det same håpar Tone Wang som er koordinator for utstillinga ved Kulturhistorisk museum.

I dag tilhøyrer 700 menneske i Noreg romfolket (sigøynarar). Dei er etterkomarar av dei som kom til Noreg på 1860-talet. Nokre har også kome som flyktningar frå Finland og Bosnia. Forskarar er einige om at dei opphavleg kjem frå India. Utvandringa frå India til Persia skal ha skjedd rundt år 800 e. Kr. Andre meiner at det skjedde meir enn 300 år før Kristus, under Aleksander den stores felttog i området. Romfolket blei forfylgt og truleg blei over ein halv million av dei drepne i konsentrasjonsleirar under Den andre verdskrigen. Berre 12 norske rom overlevde krigen, og den første familien fekk ikkje den norske statsborgarskapen sin tilbake før ”sigøynerparagrafen” blei oppheva i 1956.

Skilnaden på romfolket og den folkegruppa som i Noreg tradisjonelt har blitt kalla for taterar, men offisielt heiter romanifolket, er at taterane tilhøyrer den gruppa av sigøynarar som kom til Europa på 1300-talet og som kom til Sverige og Danmark-Noreg rundt 1500-talet. I Noreg tilhøyrer mellom 5000 og 10 000 personar romanifolket.

(Kjelder: Kulturhistorisk museum, Anne-Stine Johnsbråten og Wikipedia)

- For oss er det viktig at me har noko å visa fram frå folk og til folk utanfor museet også. Nyleg stilte masterstudentar i sosialantropologi ut bilete dei hadde tatt på feltstudia sine. Difor synest me det er fantastisk flott at me kan opna dørene for denne fotoutstillinga om romfolket og kombinera det med markeringa av den internasjonale dagen til romfolket. Alle interesserte er hjarteleg velkomne hit for å sjå bileta og smaka på tradisjonelle matrettar og få inn andre delar av kulturen til romfolket, seier Wang.

Medan det er Romani Cultura og Den norske Rom-foreningen som er initiativtakarar til markeringa av romfolket sin internasjonale dag i Noreg, er det Rom-prosjektet ved Skullerud voksen opplæringssenter som organiserer det praktiske.

- Det var me som tok kontakt med Kulturhistorisk museum og spurde om me kunne få ha markeringa der. Og dei sa ja med ein gong, fortel Inger Sigfridsson ved Oslo Voksenopplæring Skullerud.

- Me assisterer også romforeiningane i kontakten med det offisielle Noreg og søkjer dei rette instansane om økonomisk støtte til arrangementet, legg kollegaen Mette Trasti til.

- Romfolket har reist rundt i heile verda og sett at den internasjonale dagen blir markert i fleire land. Det inspirerte dei til å ta initiativet til å etablera den same tradisjonen i Noreg. Dei som kjem til Kulturhistorisk museum, torsdag 8. april kl 16.00 får smaka på tradisjonell mat og høyra på musikk av og med romfolket, lovar Inger Sigfridsson.

Fotoutstillinga ”Romfolket i Norge” vil stå fram til august. Fotograf Anne-Stine Johnsbråtens bilete kan du sjå på Les mer hos: [uniforum.uio]

 
 
 Arkiv »
 
 
Bondelaget:
Jeg synes dette er et utidig og dårlig begrunnet vedtak, sier leder- i nord-trøndelag sau og geit, tone våg. i går vedtok nemlig... [31. jan.] 2 artikler
Finans Bondelaget har inngått avtale med arbeidsgiverforeningen Spekter - også som overbygning for flere organisasjoner.... [6. feb.] [Bondelaget] 11 artikler
Reglene for kvoteleie blir også noe endret. Tidligere måtte man leie ut kvoter for minimum fem år. Denne regelen opphører, og produsentene kan nå avtale selv... [6. feb.] [Bondelaget]
Trude og Tord Svenneby i Trøgstad spør om uorganiserte bønder bør nøye seg med statens tilbud.... [1. feb.] [Bondelaget]
Mens Naturvernforbundet jubler, er skuffelsen stor hos Bondelaget og Nord-Trøndelag sau og geit.... [1. feb.] [Bondelaget] 8 artikler
 
 
Småbrukarlaget:
Bonde- og småbrukarlaget held årsmøte fredag 10. februar, og har sett saman eit program for kvelden som er ope for alle interesserte.... [2. feb.] [Avisa Hordaland] 2 artikler
Politikk og samfunn Inge Staldvik i Småbrukarlaget, Nils T.Bjørke i Bondelaget, samferdselminister Magnhild Meltveit Kleppa, fiskeri- og... [21. jan.] [Bondelaget]
Men de som velger Bonde- og småbrukarlaget, gjør det sikkert ut fra grunner som er viktig for dem, og jeg lever godt med det.... [20. jan.] [Bondelaget]
 
Skogeierforbundet:
Fram til nå er det meldt inn 9.500 skademeldinger til forsikringsbransjen, med en verdi på 550... [25. jan.] 2 artikler
Finans Dette baserer seg på rapporter fra fylkesmennene, Skogbrand Forsikring og Skogeierforbundet.... [6. jan.] [Aftenposten] 3 artikler
På østlandet er det registrert anslagsvis 400 000 - 450 000 kubikkmeter skog som er felt av dagmar. skadeomfanget utgjør 1 - 1,5... [6. jan.] 4 artikler
- Vi er veldig stolte av allemannsretten og vil at alle friluftsfolk skal føle seg velkomne, men skogeierforbundet er veldig opptatt... [3. feb.] [Helgeland Arbeiderblad]
 
 
Forsiden:
Adm. direktør NTE Marked AS - Harald A. Lein Han er i dag styreleder i NTE Handel AS, og styremedlem i Felleskjøpet Agri SA og SMN Regnskap AS.... [Nte] [6. feb.]Les mer
 
 
Begge sakene (reguleringsplan og konsesjon) ble behandlet av følgende instanser: Landbruksdepartementet, OED og MD.... [6. feb.] [Nte]
Her finner du en oversikt over NTE Elektros referanser. [6. feb.] [Nte]
Velkommen til en spennende fagdag i Tromsø på Rica ishavshotel den 24 februar 2012. [6. feb.] [Nsg]
Hvilke utfordringer står fremtidens melkeproduksjon ovenfor?... [6. feb.] [Bondelaget]
 
Debatt: Folk i faresonen - Himalaya smelter Innbyggerne i Bangladesh, Bhutan, Kina og Nepal må tilpasse seg issmeltingen - breene bidrar med store mengder... [Cicero Uio] [6. feb.]Les mer
 
 
Flere nyheter:
Politikk og samfunn Den nye meldingen til Stortinget om landbruks- og matpolitikken sier at det må satses offensivt på produksjon... [6. feb.] [Regjeringen]
Å være liten og ligge avside til betyr ikke at man er dømt til å mislykkes. Snarere tvert i mot.... Dag er jordbruket sterkt redusert, og bygda har mistet skole, postkontor og nærbutikk.... [6. feb.] [Nrk]
Politikk og samfunn:Publisert 06.02.2012 kl 13:44 Oppdatert 06.02.2012 kl 13:51 [6. feb.] [Sa]
Alle nåværende og fremtidige melkeprodusenter i Midtre Gauldal kommune er invitert til til informasjonsmøte om ”God framtid på... [6. feb.] [Mgk]
Det drives et aktivt skogbruk i kommunen, men det finnes fortsatt en rekke relativt små, men viktige gammelskoglokaliteter, særlig på Grue Finnskog.... [6. feb.] [Fylkesmannen]
 
 
Produser, produser, produser! Jordbruksoverføringane, som i realiteten er eit tilskott til bøndene for at forbrukarane kan få kjøpe maten billegare enn det kostar... [Bondelaget] [5. feb.]Les mer
 
Tine samarbeider nå med Universitetet for miljø og... [6. feb.] [Handelsbladetfk] 14 artikler
Mangel på jod i kostholdet kan føre til... [4. feb.] 3 artikler
Finans [6. feb.] [Bondelaget] 15 artikler
Etterkant av den offisielle... [6. feb.] [Regjeringen]
[6. feb.] [Tynset Kommune]
[6. feb.] [Fylkesmannen]
[6. feb.] [Bondelaget]
...helsetjenester og helserelaterte næringer... [6. feb.] [Nyheter Uib]
Bondelagets fagteam vil samle råd og... [6. feb.] [Bondelaget]
 
HBS' innspill til Landbruksmeldinga Styret i HBS sendte følgende innspill til NBS i forbindelse med høringa på landbruksmeldinga i begynnelsen av januar.... [Smabrukarlaget] [3. feb.]Les mer
 
Politikk og samfunn Landbruks- og matdepartementet... [3. feb.] [Regjeringen] 3 artikler
...som er regulert av denne loven.... [3. feb.] 2 artikler
[1. feb.] [Bondelaget] 3 artikler
Norsk landbruksrådgiving Agder og Aktivt... [2. feb.] [Bondelaget] 2 artikler
Landbruk omfatter dyrking av jordbruksprodukter,... [1. feb.] [Alesund Kommune] 2 artikler
Buskerud Bondelag reagerer sterkt... [1. feb.] [Bondelaget] 3 artikler
...høgare kostnader og meir byråkrati.... [2. feb.] [Bondelaget] 6 artikler
[3. feb.] [Vegarshei Kommune]
[3. feb.] [Matportalen]
[3. feb.] [Skatteetaten]
Ifølge en undersøkelse gjort av Landbrukets... [2. feb.] [Smabrukarlaget]
Politikk og samfunn [2. feb.] [Regjeringen]
...Ikke siden 1990 har det... [1. feb.] [Fylkesmannen]
Fylkesmannen i Sør-Trøndelag er ute... [1. feb.] [Regjeringen]
[1. feb.] [Bondelaget]
...vi det ikke er ønskelig at norske... [1. feb.] [Bygdekvinnelaget]
Landbruks- og matdepartementet og Fylkesmannen i... [1. feb.] [Fylkesmannen]
Skoggjødslingas positive virkninger på... [1. feb.] [Fylkesmannen]
 
NSG:
Han er faglig ansvarlig for konferansen, som arrangeres av Norsk Sau og Geit og Tyr i samarbeid med Oppdal kommune, Sør-Trøndelag... [23. jan.] [Bondelaget] 2 artikler
Det er mye spennende på plakaten, vi har fått oppover styreleder i Norsk sau og geit Ove ommundsen som skal ta fore seg st.... [6. feb.] [Nsg]
Da er Sau og Geit nr. 1 ferdig og levert trykkeriet. Men husk at alle hovedmedlemmer og abonnenter kan lese det på nettet fra i dag.... [3. feb.] [Nsg]
 
 
Stortinget:
Styret i HBS sendte følgende innspill til NBS i forbindelse med høringa på landbruksmeldinga i begynnelsen av januar.... [3. feb.] [Smabrukarlaget]
Slik avslutta landbruksministeren presentasjonen av den nye stortingsmeldinga om mat og landbruk i Førde i desember. ...... [5. feb.] [Bondelaget]
Politikk og samfunn [31. jan.] [Regjeringen]
...landbruks- og matminister Lars Peder Brekk presenterte ny melding til Stortinget om landbruks- og matpolitikken.... [31. jan.] [Fylkesmannen]
 
Siste nyheter
[6. feb.] Adm. direktør NTE Marked AS - Harald A. Lein [Nte] [6. feb.] Historikk om Hundhammerfjellet vindmøllepark [Nte]
[6. feb.] Referanser [Nte] [6. feb.] Velkommen til fagdag i Tromsø [Nsg]
[6. feb.] Gjør stor suksess på kjøtt [Nrk] [6. feb.] Ber staten vurdere oppkjøp i Borregaard [Nrk]
[6. feb.] Et smakfullt tilbud [Sornett] [6. feb.] Utvannet vannbyråkrati? [Sabima]
[6. feb.] Klok skogforvaltning gir stor klimagevinst [Sabima] [6. feb.] Debatt: Folk i faresonen - Himalaya smelter [Cicero Uio]
[6. feb.] Bioenergisuksess i Viken Skog [Viken Skog] [6. feb.] 06/02-2012 14:29:55: Ber staten vurdere oppkjøp i Borregaard [Hopey Netfonds]
[6. feb.] Buttedahl til skog- og tredag på Granvin [Regjeringen] [6. feb.] Store muligheter for norsk frukt- og bærproduksjon [Regjeringen]
[6. feb.] God framtid på melkeproduksjonsbruk [Mgk] [6. feb.] Ap og LO ønsker staten inn i Borregaard [Sa]
[6. feb.] Holdt foredrag om kystfolket [Heroyfjerdingen] [6. feb.] Ny strømavgift [Smaalenene]
[6. feb.] Halv pott til Skarpengland skole [Nrk] [6. feb.] Melkeprosjektet i Vest-Agder inviterer til fagmøter om... [Bondelaget]
[6. feb.] Nytt kart over viktige naturtyper i Grue kommune [Fylkesmannen] [6. feb.] Bondekafe - Landbrukets hus 06.02.12 kl. 10.00 [Tynset Kommune]
[6. feb.] Saken er ikkje biff [Grannar] [6. feb.] Prosjekt fornybar energi i gang under Skjetlein grønt... [Fylkesmannen]
[6. feb.] Mindre jod i melken [Handelsbladetfk] 14 artikler
[6. feb.] Ny forskrift skal gjøre det lettere å bli melkeprodusent [Bondelaget]
[6. feb.] Ny vår for bioteknologi [Nyheter Uib] [6. feb.] Klart for Det Norske Måltid [Seniorliv]
[6. feb.] Lager håndbok om samdrift [Bondelaget] [6. feb.] Spekter ny arbeidsgiverforening for Bondelaget [Bondelaget]
[6. feb.] Biffakademiet Modul 2, Stjørdal [Medlem Nortura]
[5. feb.] Ny straumavgift [Avisa Hordaland] 15 artikler
[5. feb.] Produser, produser, produser! [Bondelaget] [5. feb.] 10 ekle symptomer du vil frykte under graviditeten [Dagbladet]
[5. feb.] Ny avgift for strømkundene på januarregningen [Nrk] 17 artikler
[5. feb.] Fikk sekser i VGs smakstest [Handelsbladetfk]
 
Denne nettavisen utgis av Scanmine A.S Adresse: Frydenbergveien 48, 0575 OSLO. Telefon: 92 06 34 13. Epost Tips oss.  Ønsker du å bidra med nyhetsstoff? Kontakt oss.   Register  nettstedet ditt. Scanmine er ikke ansvarlig for innholdet på lenkede nettsteder.